Børje, det er meg det

"Han med 100 baller i lufta"


Hei mine venner, kjente, og nysgjerrige! 

Eg er Børje. Familiefar født i 1985. Har kone, og 4 flotte barn i alderen 4-17 år. Utenom familien min, så elsker eg naturen, jakt, musikk, og golf. Er jo sjølvsagt litt glad i jobben min òg, der eg jobber med trelastvarer, avtaler, system og salg.  Som veldig mange andre menn på min alder, så liker eg å ha mange ting å gjere på. Men alt med måte! 

26. mars 2024 fekk eg påvist tjukktarmskreft. Eg fekk ein såkalla vellykka kikhullskirurgi, der eg slapp stomi. Så systemet mitt skal på sikt fungere fint. 

16. mai fekk eg veta at det var spredning til lever, og starta deretter på cellegift. I skrivande stund passere eg 8 kurer, og kan heldigvis vise til gode resultat etter allerede 4. kur. Familien min har det bra. EG har det bra, men reisa starta brutalt! 

På mitt blanda skriftspråk skal eg legge ut innlegg på denne sida der eg forklarer litt om vonde og gode tanker, motivasjon, livssyn og livsperspektiv, hobby, familie og venner. Eg er ein reflektert kar, og tenker at dette først og framst skal hjelpe meg å holde hovudet i sjakk, men også informere alle som lurer på korleis eg har det, gje støtte til andre i lignande situasjon, og kanskje motivera. Ønske deg hvertfall ei fin lesing :-)  

Twitter    |    Facebook    |    Youtube