Ventetida

13.11.2024

Tolv cellegift-kurer er over. Kreften er nesten vekk. Statusen pr no er at det er to knapt synlige prikker, og ein liten flekk på 5mm igjen på lever. No må eg vente til nyttår for nye bilder. Så skal me sjå an situasjonen. Eg kan berre sjå fram to månader i slengen. Men i mellomtida skal eg leva. 

Her er et kort innlegg om ventetida.

Så sitte eg her då. Litt på jobb, litt pianospeling, litt golfing, gode venner, og min fantastiske familie. Ikkje gale å berre sitte her heller. Eg kan ikkje påstå at eg vente så veldig på resultatene framover, for no er eg mest opptatt med å berre vera. Leva i nuet, som dei seier. Rart kor ekte og realistiske sånne klisjèer blir no. Mormor var "voldsom" på klisjèane. Men jammen hadde ho mykje rett òg. 

No er det 6 veker siden min "siste" kur. Og eg er godt over halvvegs i pausen. Like etter nyttår er det ny runde med CT-bilder, MR, og blodprøver. Folk kan gjerne lure på om eg kvir meg, men svaret vil vera "nei". Eg er spent, ja. Men dette skal gje meg svaret på fortsettelsen. Og er det ikkje det me alle lever for? Fortsettelsen, uvissheta, det fremmede, og det uendelige? Og alt det ligge framfor oss, og skal alltid vera et mysterie. No tenke du kanskje om det har rabla fullstendig? Og ja, det har det. Men i ein herlig forstand som gjer at eg har det veldig bra inni meg. Så litt gal kan vera bra for alle, i ein viss grad. 

Eg tar meg tid til å reflektere litt over det eg gjorde under kuren frå slutten på mai til slutten på oktober. Og høgdepunkta var i juli, då eg fekk "åpenbaringa". Trua kom snikande, og eg fekk ein ro i kroppen som gjorde at eg kunne begynne å leva. Lukt og sansar gav meg håp. Eg var på ein liten sommarferie på hytta, og Langedrag. Kjøretur over Hardangervidda gjer meg ro. Å sjå utover et mektig landskap, og kjenne seg liten. Eg var med familien oppover elva ved hytta vår, der me fiska litt, og berre betrakta naturen. Juli var ein fin månad. August rant forbi i stor fart, og så kom september, ein fantastisk månad med flotte farger og klarare luft. Eg fekk oppleva jakt på Hardangervidda i oktober, og jammen fekk eg tatt meg ein tur til Oslo òg. I november, første ventemånad, bestemte eg meg for at bandet mitt skulle få delta under ein julekonsert no i desember. Så ventetida er godt i gong, men ikkje heilt tankefri. 

Det komme og går litt tanker om det eg er midt oppi. Eg har sjølvsagt godt mòt, og har et mektig verktøy til å løfte meg oppatt med. Men litt om desse tankane: Eg slite litt med "Winners Guilt". For sånn som situasjonen er no, ser det veldig lovande ut med tanke på at medisinen har virka veldig bra, og kreftlegen virka meir optimistisk, sammenligna med heilt i starten. Og når det går bra, får eg meir styrke og kraft til å komme meg gjennom dagen. For meg er det veldig viktig å sjekke at andre i lignande situasjon har ein viss kvalitet i kvardagen sin. Eg veit ikkje, eller kan ikkje garantere at eg sjøl har det heilt topp, men eg har ein god følelse og tru som hjelpe meg time for time, dag for dag. Og det vil eg formidle til andre òg. Men når eg føle at det kanskje ikkje er like lett for andre, og eg sjøl har det greit, så får eg på ein måte litt dårlig samvittighet når eg ikkje får dei andre med på oppturen.... Eg vil stå sammen på toppen med alle som er i min situasjon. Eg vil stå der og ta high-five, klemme, rope og skrike ut at me klarte det, sammen ! Men så er det sånn at dette er ein veldig individuell sak som blir håndtert ulikt. Men ventetida er lik. Me må til sjuande og sist ta time for time, og dag for dag. Svaret ligg der framme et sted. Og det er ikkje så nøye om me ikkje veit svaret nett no. For nett no er det NO som betyr mest. Og akkurat DETTE no`et betyr julepynt, julekaker, julelys, julemusikk, og julegøy. Eg liker jula ekstra godt pga musikken. Så dette skal nytast :-)