Størst av alt
Størst av alt
Dette kan bli et innholdsrikt innlegg, som eg blir nødt til å dele oppe i fleire avsnitt. Men alle er interessante og viktige å få med.
Familien utanfor huset
Mamma og pappa bur enno tettare på oss, og eg har "loffa" (spasert) innom der i blant òg. Å sette seg i sofaen hos dei, og dele tanker og frykt i ein trygg sofa utanfor sin egen heim, er tegnet på familie-trygghet. Og få ein klem hos sin far eller mor, og få ein nikkande anerkjennelse av sine nærmaste har vist seg å vera grådig viktig oppi dette. Mine søsken har sendt meldinger og alltid vært imøtekommande. Eg skjønne godt at det har vært vanskelig, sjøl for et familiemedlem utanfor huset, å sei dei rette trøstande orda, men oftast har det berre vært nok å vera der, eller snakka/teksta om heilt andre ting. Eg huske så godt ein sommardag i juni der me satt hos mine foreldre og grilla. Mine søsken var der, svoger, nevø, og min egen gjeng. Maten smakte veldig godt, og ungane leikte så fint. Me voksne satt og prata i solvarmen. Etter kvart som timane gjekk, sa eg til alle rundt bordet kor mykje eg satt pris på denne dagen. At eg hadde merka mindre tankekjør, og klarte å la tankane vandra over til det som betydde noko: Her og no!
Varme tanker frå familien til kona, og så mykje hjelp dei har gitt oss gjennom sommaren, har rett og slett vært minst like viktig som all den andre hjelpa eg/me har fått. Det er ofte vanskelig å takke ja til hjelp, for ein ønske jo å få til det meste sjøl.
Men størst av alt er kjærligheten, og den kan ein ikkje få nok av i sånne stunder.
Venner
Samme kveld som eg fekk diagnosen frå Volvat, følte eg måtte skrive ei melding til venner og kjente. Dette var jammen ikkje lett.
"Hei. Eg har dessverre litt dårlige nyhete. Eg var til undersøkelse i kveld. Dei fant ein ondarta svulst som ligge å blokkere nederst i tjukktarmen. Den må opererast vekk snarast, så må dei scanna meg for å utelukka spredning. Hvis ingen spredning, vil dette gå bra.Så krysse me fingrane"
Me er veldig priviligert over å ha så mange som bryr seg om oss. Varme meldinger, mat levert på døra, tilbud om hjelp og kjøring av unger....priceless !! Og eg håpe eg kan stå for det når eg tenker at eg sjøl ville gjort det samme for desse vennene.
Det som òg er så utrulig godt å kjenne på, er dei som eg kjenner litt mindre, men har ein god tone med. Ut av det blå, kjem det melding på melding frå dei eg har litt mindre med å gjere i kvardagen. Varme tanker, og motiverande ord! Skulle gjerne delt mange av dei meldingane her i bloggen, men det kan bli for mykje ;-) uansett er dette fantastiske folk som har lært meg å gjere det samme vidare.....sende melding til den eller dei eg kanskje ikkje har så mykje med å gjere, men bryr meg masse om likevel.
(kan bli oppdatert)
Ekteskapet
Spørsmål og undring rundt det kristelige syn, og det spirituelle, har virkelig spunne rundt i hovudet mitt. Og å få kunne snakke med sin kjære om dette, er veldig beroligande. Eg har jo naturligvis tenkt mykje på ka som skjer etter livet på jorda er slutt. Men eg stille meg jo òg litt undrande til ka som gjer oss til mennesker opp i alt det gode og vonde. Livsperspektivet, tålmodigheten, kjærlighet til andre, glede og sorg. Dette er følelser eg har vært veldig åpen om med min kjære halvdel. Og det skal vise seg å vera viktig å vera åpen og ærlig når ei sånn livskrise melde seg! Jo fortare ein klare å uttrykke seg, jo fortare kan ein akseptere situasjonen, og lære seg å leve med det. Kunsten å leve i uvisshet, og ta dag for dag.