Meininga
Ikkje meininga med bloggen, men meininga med sjukdommen, om eg skal spekulera litt rundt det.
Konkurransen er i gong! Det er meg mot sjukdommen! No står fienden stilt opp på den store flata, innpå min eiendom. Men eg står heilt åleine, og samtidig ikkje. Eg har ein heil heia-gjeng som rope og ber! Min egen armè som er klar til å skremma fienden vekk.
Sjå for deg "Ringenes Herre - To tårn". Orkane (krigstroll) har komme fram til muren, og hamrar i bakken med sine våpen. Menneska, alvane, og dei kortvokste står bak muren, og oppå muren, men underbemanna, kun med håp og motivasjon om å ofre seg for å gjere mest mulig motstand. Eg er på ein måte litt oppi det samme, men eg har, med sjukt god hjelp frå familie, venner og publikum, klart å skremme vekk orkane for ein periode.
Eg får liksom ikkje gjort så mykje meir enn å berre venta. Gjera det eg føle er best mens eg vente; vera med kona, ungane, familien, treffe venner, spela musikk, spela golf, sei hei til kollegaene mine på jobben, ta meg småturer, lese bøker, skrive blogg, dagdrømme forsiktig og realistisk om framtida. Men eg tenke sjølvsagt mykje på ka som er meininga med dette her! Familien rundt meg har nok grubla seg i hel av fortvilelse. Det samme som meg. Men dei rundt meg tenker kanskje på ka meininga med dette tullet er for noko! Om det finns ein Gud oppi denne galskapen. I starten, like etter diagnosen, tenkte eg at "no er det snart slutt", "det er ikkje håp", "eg er livredd". Etter all spenning og redsel snur tankesettet seg litt. Riktig nok etter par månader. Eg vart vane med katastrofen, og stod plutselig midt i storm-auga. No skulle eg snu dette til egen fordel. Gjere ting som kan imponere meg sjøl og andre. Korleis? Jo, eg måtte først bli litt kompis med sjukdommen. Ein skal ha sin fiende på sånn avstand at ein lære seg å kjenne den, for og så finne metoden til å skyve den vekk. Eksempel:
Ein periode i starten var det skrekk å gru å lese artikler om mennesker som døde av kreft. Og sjølvsagt dukka det opp avis-artikler om kanskje ein mann på 42 år som nett hadde dødd av tarmkreft. Eg bladde raskt vidare..... men så tenkte eg meg om. Eg måtte rett og slett lese litt meir enn konteksten. Eg manna meg opp og fant tilbake til den artikkelen. Eg leste mens eg holdt pusten. Det stod vidare at denne mannen var på reise i Sør-Amerika. Han hadde ingen idè om at han hadde kreft. Vart haste-innlagt, utan reiseforsikring, og dei fant ut han hadde fått full spredning til leveren som ikkje var mulig å redde.
Moralen her er tydelig; alle tilfeller av kreft er individuelt. Uansett ka type man har. Ja, prognoser er skumle. Men Norge, og verden har komme longt! Det finns mange medisiner for kreft i dag. Og alle kropper og sjeler takler dette på sin måte. Prognoser er basert på gamle tall, og kanskje feil aldersgruppe. Så her er det berre å gønne på.
Men så til sjølve kjerna i dette innlegget, nemlig meininga. Korfor skulle nettopp EG få dette? For det første, så tenker eg at dette er litt sjølvforskyldt. Ja, så streng er eg med meg sjøl. Eg har hørt at dette er noko eg ikkje kunne gjort noko med, for det kan vere arvelig, eller uflaks. Ja, eg kan vere enig i det. Men samtidig veit eg at dette kan ha oppstått for kanskje 5,6,8,10 eller oppi 15 år sida! Og hvis eg har hatt antydning til kreft, så trur eg ikkje mitt kosthold opp gjennom dei siste par åra har gjort saken bedre. Livets jag, musikkprosjekt, byggeprosjekt, dårlige matvaner som sjokolade, ferdig-middag, sukker, generelt masse ultra-prosessert mat, STRESS! .....ja, alt dette trur eg kan ha hatt stor innvirkning på utviklinga av sjukdommen. Og no er det ikkje noko anna eg får gjort med det, enn å snu om kostholdet, naturligvis (som eg absolutt har fått til). Så no er eg i ein priviligert situasjon. Eg har trua på meg sjøl, og det eg driv med. Det hender eg må ta et tilbakeblikk og sjå realiteten i kvitauga, men eg vil påstå at eg fungere såpass mentalt at eg kan klara å spre håp og litt fakta til mennesker rundt meg. Har eg det bra, har familien min det bra. Eg er i skrivande stund, og generelt elles, i ein posisjon som gjer at eg kan snakke åpent om det eg opplever, og eg kan prøve å komme med inspirasjon, motivasjon, håp, og glede. Eg ser ikkje kun meg sjøl lengre, men har fått ein enorm kjærlighet og medmenneskelighet til familien, venner, naturen, dyr, og "sekundær-venner", også kalla facebook-venner, som igjen vil sei mennesker eg har møtt, snakka med, ønsker at skal lese om meg, og som kan bruke dette videre til enten seg sjøl, eller ein nær som treng inspirasjon. Men eg ser menneske på ein heilt anna måte no. Du som eg kanskje har sett på som arrogant, bedreviter, drittsekk, egoistisk....eg ser nettopp deg litt ekstra godt no, fordi eg er litt, og har vært litt sånn sjøl. Men også fordi eg veit at du har ditt å stri med òg, som alle andre. Me har alle ei maske, ein fasade, noko me gjømme oss bak for at folk ikkje skal sjå ka me egentlig slite med. Kall det gjerne skam. For EG kjente på den skammen. Når ein får ein nyhet i trynet som velte heile livet, så går ein fort i frå stor-kar til ein liten og sårbar guttunge. Det er berre så j.... synd at ein må bli alvorlig sjuk for å innsjå dette, og det kan eg berre beklage. Men no har eg fått ein ny sjans! Og DET er MEININGA. Eg skal gjere det eg kan for å bli frisk. Eg skal vende om mykje i livet, sånn at eg lage meir kvalitet for både meg og dei rundt meg. Livet skal få ei ny meining. Og med kraft frå familie, venner, publikum, og Gud, så er eg på veg i riktig retning!
"Verden er vakker, og livet ei gave"