Livsperspektiv & Fordommer

24.10.2024

1. august bestemte eg meg for å skrive et innlegg om livsperspektiv og fordommer. Det er nesten 3 månader sida !!! Ikkje har eg begynt å skrive, og ikkje har eg heilt kontroll på ka eg kasta meg uti. Eg har jo lært for lenge sida at provokasjon er et virkemiddel for oppmerksomhet, men det er jo nettopp det eg ikkje ønsker, så korleis skulle eg gripe fatt i dette innlegget?! Eg kvir meg ikkje om å skrive eller snakke rett frå levera, men siden det har vært litt sjukdom der, så tillate eg meg å skrive rett frå hjerta i denne stund (her skal det vera litt forsiktig latter). 

Så; det tøffaste, teitaste, men minst like viktige først; fordommer.

Livet mitt "starta" litt vel kjapt. Eg var for opptatt med å bli voksen, og gløymte å vera ungdom. Det resulterte i huskjøp og farskap i ein alder av 22 år ! Utdannelse? Nada niks ! Ka som "lokka" meg til dette i så ung alder, må ha bunna i rastløshet og sult etter å få tida til å gå fortare. Ja, kanskje fram til denne tida eg er i no: Vel-etablert, hus med påbygg, og opparbeida ute-område. Fin bil og god jobb. Men vegen fram var ikkje heilt A4. Stress, rastlaus, misunnelse, glad i festligheter, nedprioritering av familien....alt dette har fulgt skyggen min gjennom alle år. Det som fascinere meg masse, er at med et kjapt tilbakeblikk, så kunne eg ikkje vært foruten. Eg ville ikkje gjort noko som helst annleis. Nok ein gong vil eg sitere Løvenes Konge: "I går er historie, i morgon er et mysterie, i dag er NO...men me kan lære av i går". Eg nevnte misunnelse litt lengre oppi her. Misunnelse er farlig....FARLIG. Nesten like farlig som sukker. Min rastløshet har sitt utspring i "naboen som kjøpte ny bil". Dette er et uttrykk eg nettopp lagde. Eg trur at altfor mange mennesker sammenligne seg med andre. Me blir påvirka av sminke, klede og det falske smilet. Og korfor det? Hvis "naboen" vaske bilen sin, så skal eg òg. Hvis "naboen" bytte vindu, så vil eg òg, hvis "naboen" skal ha asfalt, så skal eg òg (eller eg MÅ kanskje pga veglaget). Du som lese dette, må huske at "naboen" ser på ein "nabo" òg. Og sånn går no dagene. Men korfor har eg latt meg påvirka, og lar meg kanskje fortsatt påvirke av dette jævlige fenomenet? Det skape jo berre økonomisk stress, og jag etter å dyrke min falske identitet. Eg vil velge mine handlinger etter behov, og ikkje misunnelse. Min egen smak, og ikkje "naboen" sin. Så, du som kjenne deg igjen: Senk skuldrene no, og ver deg sjøl. Lev ditt liv, ditt einaste liv. Du var meint å vera unik. 

Eg vil samtidig ta et oppgjer med mine faglige valg. For her vog (vegde, veide) skoen kanskje tyngst ein periode. Hobbyane mine er i det variable stadiet. Eg utvikle meg i et frittgåande tempo som eg tar etter kvart. Men karrierevalg vart prega oppi min rastløshet, som starta i ungdommen. Som igjen kan sporast til den sosiale gutten i meg som ville vera venn med alt og alle. Eg var faglig vimsete, og fekk aldri til matematikk. Men norsk og journalistikk likte eg ein periode. Syns jo framleis det er interessant. Ordlyd, provokasjon, svartmaling, bruk av virkemidler i media for å påvirke oss.....dette er emne som eg like å analysere, i motsetning til norrøn mytologi og urnorske diktsamlinger. Men ka skulle eg bli  ?

Det vart trelastfaget det. Og utdannelse samtidig. Men den største delen av yrkesstoltheten, er kompetansen eg har lært meg undervegs. Du verden for ei enorm reise eg har vært med på i yrkeslivet i over 20 år! Snikra hus, deretter starta eg på golvet, der eg spikra emballasjekasser til Frank Mohn. Pakka trelaspakker som skulle til byggeplass. Kjørt lastebil og levert rundtom, der eg har truffe mange flotte mennesker med samme yrkesstolthet (humør har me alle). Og no får eg vera med å utvikle familiebedrifta, og sette seglet i mot- og medvind. Der skal eg tilbake, og nyte arbeidslivet igjen. 

Så min beskjed til "naboen" som har alt: Eg har like mykje som deg. Og hvis du skulle miste noko, føle deg fattig, eller makteslaus, så har eg fortsatt like mykje som deg. Eg ser rundt meg ka eg har, ka som betyr noko. Men rikdommen er inni oss, og det me prestere av oss sjøl, for oss sjøl, og andre. Som lede meg videre til neste del-innlegg; nemlig livsperspektiv ! 


LIVSPERSPEKTIVET

Her er det nok rom for litt repetisjon. Men aldri nevnt for ofte. Under første møte med psykolog etter skrekk-beskjeden 16. mai, så fekk eg spørsmål om eg la merke til ka vèr det var ute. For meg var alt grått og trist, sjøl om sola skinte, og himmelen var blå. Men då me var komen til juli, så skjedde det noko! Eg fekk trua og håpet! Eg kjente på kjærligheten på ein heilt anna måte. Eg klarte å legge meir merke til det som var rundt meg, og gjerne nærmast. Sansane vart sterkare, og då meine eg lukt, følbarhet, syn og lyd (smaksansen var prega av behandlinga). Me alle kan like lukta av nyslått gras, men har du gått i ein hage og kjent lukta av nyslått gras, nylagt dekkbark, og gjerne kantklipp? For meg vart dette ei stor åpenbaring, som igjen gav meg eit dryss av tru, håp, og kjærlighet. Det gjekk vel kanskje endelig opp for meg at eg faktisk klarte å ta dag for dag. Ja, og kanskje time for time. I takt med gode resultater på første CT-bilder, så vart dette ei veldig flott tid, som fekk meg til å tenke på den første psykologtimen, der eg følte alt var grått og fælt. No var det ikkje det lengre. No var livet blitt fantastisk, sjøl om eg var blitt sjuk. Korfor er det sånn? Eg følte at livet gav meining, men dei rundt meg var stille fortvila?! Og korfor må det ein alvorlig sjukdom til for å tenke sånn? Men for meg gav det meir styrke. Eg vart løfta opp av ein guddommelig kraft. 

Ein kveld i juli vart eg utfordra av min svoger frå Møre og Romsdal å gå ein liten fjelltur her i nabolaget. Det var ein nydelig sommarkveld. 15-16 varmegrader, delvis skya, små solglimt, og yrande fuglekvitter, som det oftast kjem meir av på kvelden. Eg var sprek som faen, og stampa av gårde. Eg hadde pakka med drikkeflaste og tørkepapir. Tanken på å gå for langt i frå huset, i frå toalett, var litt skummel, men eg er friluftsmann, så det å lette på trykket i naturen er ikkje farlig. Turen vart ein nydelig opplevelse! Kjenne lukta av skog, ta på og kjenne på kvister og høgt gras. Synet av fjellsider, fjorden, høge trær, enger og bekker. Tanken på å bevege seg i naturen var jo utenkelig for berre par veker sida, men no var eg endelig der! Kanskje det var akkurat det som skulle vera motivasjonen for å bli bedre, eller kanskje frisk? ; Gleda og tanken på naturen, jakt, fiske, fjellturer! For et privilegium. For ein luksus! Etter å ha komme nedatt frå denne turen, så gav eg min svoger ein god klem. Og då eg kom inn døra heime, gav eg kona mi ein god klem òg. Ein klem skal vare i minimum 6 sekunder, seier kona. På den korte tida, lære me oss å knytte et veldig sterkt bånd, og det er ein tillitserklæring. Eg kan vel konkludere med at situasjonen min har fått meg i kontakt med det sårbare, det gode, og kjærligheten til naturen og mennesket. Eg ser no ka livet handla om. Eg skal vera meg sjøl, og eg skal respektere meir. Vera takknemlig for alt, og vise det. Ikkje vera redd, og dele styrken min med andre.