Leve i uvisshet

20.09.2024

Naturligvis begynte eg med katastrofetanker rett etter diagnosen. Eg fekk tips fra ein kjær nabo om å kontakte Norilco, som er ein organisasjon for tarmkreftopererte, stomi, tarmplager osv. Dei formidle nemlig likepersoner over heile landet, og ein kjem i kontakt med ein person som opplever, eller har opplevd det sammen som meg. Dessverre er det få menn som verve seg som likeperson innen min sjanger, men veldig hyggelige kvinner å snakke med. Einaste forskjell på meg og dei er at dei gjerne har fått sjukdommen påvist i ein høgare alder (50+). Eg kom hvertfall i kontakt med ei hyggelig dame frå Oslo. Ei med mange baller i lufta, daglig leder som yrke, og er no i 60-åra, men var i slutten på 50-åra då ho hadde tjukktarmskreft. Ho har operert vekk par svulster på lever, men har vært frisk sida. Eg beit meg merke i to viktige ting ho sa; "jeg har bestemt at det ikke skal komme tilbake" og "kunsten er å leve i uvissheta". Eg tenkte umiddelbart at det må vera umulig! Korleis kunne eg snu tankana så drastisk og kjapt? Men eg sa meg heilt enig over telefonen. Eg har tenkt masse på den siste setninga i ettertid. 

Det er noko med det å havne i ein slik situasjon. Ein får på ein  måte stempla på seg ein utløpsdato, men ana ikkje heilt kortid. Ka alternativ har eg egentlig? Eg kan ikkje trylla. Eg kan heller ikkje skru tilbake tida, for dette kunne skjedd uansett. Teit ord det der:  "kunne". Etterpåklokskap! Noko eg og sikkert mange andre bør slutte med. Då lyt ein minne seg på sitatet frå Løvenes Konge; "i går er historie, i morgon er et mysterie, i dag er NO". Historie kan me lære mykje av, men ikkje nødvendigvis ta for gitt. Me kan læra av feil, men eg nekte å lære av statistikk i helsevesenet, for eksempel. Når det gjelde å leve i uvisshet, så tar eg sjølvsagt med meg dei faktorane eg allerede har tatt i betraktning; at det er håp ! Og ka basere eg håpet på? Gode blodprøver, god beinmarg, behandling som virke i denne omgang, eg har livskvalitet ved sida av sjukdommen, eg har det bra psykisk, humor (rime på tumor), og sjølvsagt er Herren med meg. Ikkje minst har eg akseptert situasjonen. Så uvissheta er "ta dag for dag, veke for veke".  Utløpsdatoen har nesten forsvunne, og eg kan like godt få ein stein i hovudet når eg går ut døra, som alle andre.