Kuren
Eg har aldri vært bekymra for sjølve operasjon, narkose, cellegiftkur eller bivirkninger. Det måtte eg liksom gjennom uansett. Det er heile situasjonen som har skremt livskiten av meg/oss.
23. mai 2024 (eller 202X som eg like å kalle dette året) vart startskuddet for den aller første cellegiftkuren. Legen min meinte at FLIRI skulle vera den rette kombinasjonskuren i mitt tilfelle. Den består av antistoff, cellegift, hjelpestoff, og nokre liter av saltvatn som dei skylle gjennom når det passe seg. Parkbygget på HUS (Haukeland universitetssjukehus) består av ekstremt profesjonelle fagpersoner; kreftleger, overleger (gjerne ein kombinasjon av desse to), sjukepleiere, og oss pasienter. Eg vil jo kalle oss pasienter litt for fagpersoner òg, sidan me veit korleis dette kjennes på kroppen. Uansett, det er ein trygg atmosfære i dette bygget. Sjukepleierane er så flink med det faglige, og ikkje minst omsorg! Legene er jo av et litt anna kaliber, men menneske dei òg, og eg sette all min tillit til det dei måtte vurdere rundt min situasjon. Men er det noko eg har lært av andre i min situasjon, så er det å pushe litt på legene når tida er moden. Eksempel:
Eg skal etter planen gjennom 12 kurer i løpet av 6 mnd. I slutten av oktober skal eg ta den siste obligatoriske kuren (i skrivende stund, har eg gjennomført 8 kurer). Hvis bildene av leveren då ser bra ut, skal eg på ein 2 mnd pause for å avvente og sjå an utviklinga. Då meine eg at me kanskje kan bruke denne tida på noko lurt. Når vevet i kroppen har blitt bra etter kuren, syns eg dei kan spandere ein PET scan på meg, så dei ser litt tydeligare ka som foregår. Og skulle det for eksempel vise seg å vera ein eller to celler/svulster, så håpe eg dei kan ta i bruk kirurgi eller RFA (radio frekvens ablasjon), som er mykje brukt i USA. Poenget er at pasienter må få lov å pushe litt på.
Eg opplever egentlig kuren som heilt grei å leve med. Eg mista ikkje så mykje hår med denne type cellegift. Eg får heller utvekst på på stader på kroppen som egentlig burde skjedd tilbake i puberteten. Men har slått meg til ro med at folk utvikle seg på ulikt vis. Uggenhet og trøtthet følge naturligvis med par dager rett etter kur, men så kvikner eg til litt. Dei fem dagene før neste kur er eg som regel på topp.
Heldigvis tåler eg kuren bra, og kuren virker bra (bank i bordet). Eg har veldig tru på at kreften skal forsvinne. Men det som er uvisst, er om den forsvinne for godt. Dette tar eg med ro i denne omgang. Eg kjører hardt på med kosthold, og har lest mykje om kor viktig det er å ete "riktig" og ka innvirkning det kan ha på cellegiftkuren. Eg har naturligvis ein backup-plan; hvis kuren på et eller anna tidspunkt ikkje skulle virka, har eg skaffa urter og kapsler frå det tropiske utland som visstnok skal hjelpe til å kverke faenskapet, men då er det også viktig å kutte veldig mykje meir ned på karbohydrater. Igjen, dette er min kriseplan, og skal ikkje blandast med cellegiftkuren ;-)
Så, litt tilbake til korleis eg oppleve kur, reise, og kvardagen. Kvar 14. tirsdag tar eg blodprøver for å sjekke at eg tåler neste kur. Påfølgande onsdag har eg legekonsultasjon enten fysisk på Parkbygget, eller på tlf. Neste dag, altså torsdag, får eg hovedkuren på Parkbygget, som vare gjerne i 4 timer. Og fredagen etterpå er eg der og får litt påfyll med cellegift, som varer gjerne 1,5 time. Kvar gong eg er inne til kur, så ber eg ei stille bønn. Eg ber gjerne om velsignelse til medisinen, leger og helsepersonell. Og eg ber om helbredelse. Eg har aldri bedt til Herren om noko tegn på ka som kjem til å skje. Eg ber heller om at Han er med meg/oss, og vise meg vegen. Og dette gjer at eg tar det veldig med ro og har det godt gjennom denne prosessen. Så får me sjå ka plan Han har for meg. Men uansett, kristen eller ei, så er nøkkelordet her å finne den indre roen. Psyken er det viktigaste verktøyet.
(kjem nok muligens ein oppdatering på dette innlegget. Er mykje eg har lyst å fortelle, men må prøve å holde det litt kortare enn ei pocket-bok).