Kosthold
Under første møte med kreftlegen var det naturlig å spør om det var noko mat eg burde ete ekstra eller unngå. Eg nevnte sjølvsagt at eg hadde hørt at sukker ikkje var så bra.....det er jo ikkje bra i utgangspunktet, men om det var ekstra gale å putte i seg når ein hadde kreft. Legen fortalte meg at dei hadde diskutert det med sukker på Haukeland, men kunne ikkje sei at det hadde dokumentert effekt. Ho meinte eg kunne ete nett som eg ville. Eg syns det var litt underlig, men reiste heim i den tru at det ho sa var sant.
Etter kvart som tida gjekk, så kjente eg at eg måtte gjere noko. Eg måtte prøve å bidra på sida av sjukdommen. Eg kunne ikkje berre legge meg ned og vera redd. Eg kunne ikkje berre sitte i stolen og gruble. Eg fekk ein gnist av viljestyrke og overlevelsestrang! Det var vel kanskje min mamma som ein ettermiddag ville vise meg korleis eg kunne bruke ingefær som ein del av veskeinntaket i løpet av dagen. Og det skulle vise seg å vera starten på ein snøball som vokste seg større og større! No leste eg innlegg på sosiale medier om korleis grønnsaker, frukt, og generelt naturlig mat kunne bygge opp immunforsvaret og lege kroppen. Eg lærte at ingefær, kvitløk og sitron var blant det beste me kunne finne i norske butikkhyller, og satt meg inn i korleis krydder og urter også kunne ha effekt.
Eg kunne skreve mykje her om dette temaet, men igjen, for å fatte meg sjøl i korthet, så har eg funne mykje inspirasjon i boka til Ragne S. Kaupang som heiter "Seier", og ei bok som går meir i detaljer på korleis maten kan ødelegge miljøet til kreftcellene, som heiter "Selvforsvar mot kreft" skreve av ein lege (!), Øyvind Torp.
For å ha positivt fokus, og "leve" kvar dag, så kjøre eg full konsentrasjon på matvarer som:
paprika, agurk, brokkoli, blomkål, gulrøter, ingefær, sitron (økologisk), mandler, valnøttkjerner, litt kokesjokolade (70% kakao), fisk, reint kjøtt, egg, stangselleri, avocado, havsalt (unngå alt av raffinert salt), lavkarbo-brød, olivenolje, kokosnøttolje, kulturmelk, vatn, makrell i tomat, Berit-smør, kvitost, litt brunost, helst heimelaga syltetøy uten sukker, chia-frød i bløt, epler, jordbær, blåbær (ein neve for dagen), grønn te.
Eg lager meg smoothie som inneholder vatn, sitron, ingefær, gulrot, jordbær, honning, brokkoli. Då får eg hvertfall i meg det eg treng kvar dag. VIKTIG å unngå/kutte mest mulig sukker, karbohydrater, alkohol, og ikkje minst prosessert mat!
Og kor har eg funne ut at dette er lurt? Jo, i bøker og artikler som har sin kilde frå utlandet !!
Korleis skal dette hjelpe meg? Studier viser deriblant at denne maten skal kunne hindre kreftsvulster å utvikle seg og gjerne drepe seg sjøl hvis miljøet rundt ikkje er godt nok. Kreftceller lager blodbaner/årer som suger til seg næring og andre veier til å spre seg, og desse årene må me hindre utviklingen på. Der kommer kosthold, sunn&fysisk aktivitet, og psykisk balanse inn i bildet. Så får me velge å tru på at det hjelper. Det skade hvertfall ikkje å prøve :-)
Eg er ikkje lege, og ikkje forsker, men for meg betyr det masse å tru på det eg holder på med i denne situasjonen. Og dette får meg absolutt til å holde dagene gåande, og eg har et fint liv side om side med sjukdommen. Dette kostholdet forsterket immunforsvaret, gjer meir energi til kropp og sjel, og det smaker litt ekstra godt for meg, som har redusert smaksans pga cellegiftkuren.
(det er ein mulighet for at eg oppdatere dette innlegget etter kvart)