Hobby er viktig

09.10.2024

Tilbake til diagnosens tid, var det heilt utenkelig at eg skulle få drive med mine fritidsinteresser igjen. Min psyke var så nedtrykt, blant anna fordi eg kjente eg måtte gje tapt på alt som var venner, jobb, fritidsinteresser, vidare til familie, og til slutt meg sjøl. Ein forferdelig tanke, det å gå frå å vera ein rastlaus kar, til å stoppa heilt opp. Eg har alltid tenkt at livet kunne på et tidspunkt by på mindre typer sjukdommar som gjorde at eg måtte roe ned og gå på antibiotika i par veker. Men å stoppe SÅ voldsomt opp som tidligare i vår, DET har eg ikkje tenkt på før i livet. 

Men så er det jo sånn no, at medisinen min virka bra, og blodprøvane vise gode verdier undervegs i behandlinga. Eg har blitt velsigna med å få kvardagen litt tilbake. Eg kan prøve å planlegge litt jobb igjen. Eg kan gjere meir med barna, og mi kjære kone! 

Og så til materien i dette innlegget; mitt "livsgrunnlag". Det som identifiserte meg lenge før puberteten, kjærlighetslivet, og voksenlivet! Nemlig mine fritidsinteresser. Kor hadde eg egentlig vore uten nettopp fritidsinteresser? Kor hadde mange av oss vært uten? Eg veit jo utrulig godt at mange har et balansert liv uten at dei må gjere på noko særlig anna enn å lese bøker, gå ein tur, putle i hagen, eller vera sosial. Men for meg var sånt utenkelig som barn......eg måtte jo naturligvis bli god i noko som ikkje hadde med skulebenk å gjere. Musikk og golf skulle bli min "spesialitet".

Musikk

I barndommen likte eg å trykka på pianoet som av ein eller anna grunn dukka opp i stova.  Det skulle vise seg å vera ei gave frå mine besteforeldre til mine foreldre. Det førte naturligvis til at eg begynte å trykke på desse tangentane. Eg lærte òg ganske fort at eg kunne kombinere og laga harmonier ved å trykke ned fleire tangenter samtidig. Eg er ikkje rassist, men eg likte dei kvite tangentane best.....det var liksom minst styr for hjernen å berre måtte forholde seg til dei. 

Det bar vidare til piano-undervisning, og verdens største tålmodighetsprøve som 7-åring: lære seg noter! Eg holdt berre ut i vel 6 månader. Dette vart for langdrygt. Eg kan så vidt huske at eg mottok et keyboard julafta samme året. Ja, du leste riktig. Eg MOTTOK....eg FEKK ikkje. Ikkje heilt hvertfall. Eg måtte betale litt av det sjøl. På til/fra-lappen på julegaven stod det "Fra mamma, pappa og Børje".....jada neida såååå. 

Uansett, keyboard skulle vera tingen for å lære seg det EG syns var gøy musikk. Rytmer, ulike lyder, lettare tangenter for ein liten tass som meg. Dei første låtane eg lærte meg var "Saving all my love" av Whitney Housten, og "How deep is your love" av BeeGees. Eg starta kanskje ein liten karriere innen å treffe dei svarte tangentane, spesielt då eg lærte meg den sistnevnte. Det som fenga meg med desse to låtane, var bruken av det som heiter maj7-akkorder og sus-akkorder. Dette er akkorder som virkelig setter farge og preg på ein låt, som fascinere meg meir og meir den dag i dag. Og fine harmonier og akkorder i musikk, har skapt den musikksmaken eg har no. Eg høyrer mykje på den islandske fusion-gruppa Mezzoforte. Eg høyre mykje på Toto, litt Billy Joel, og litt RnB (rythm and blues), nettopp fordi dette har mykje "farge" i musikk-arrangementet. Dette er òg grunnen til at eg elske å spele, og ikkje minst lytte, til julemusikk av gjerne den amerikanske sorten.

Golf

Som 12-åring opplevde eg noko magisk. Mine besteforeldre var på ferie til Waikiki/Hawaii. Der fekk dei prøva den snobbete og omtalte sporten golf. Bestefar lot seg fullstendig frista, og endte opp med å kjøpe med seg ein golfbag med 12-13 golfkøller i, og drassa dette med seg til Norge. For heima på bakkane kunne han øva. Og han var ikkje beskjeden etter å ha "trent" heima på bakkane, som me no kalla "jordet". Han måtte jo ringa kompisen sin over fjorden, som tilfeldigvis var grunneigar til ein gård oppå Hauge. Dei bakkane på Hauge vart plutselig Bjørnefjorden Golfklubb. Kompisen til bestefar, som forøvrig fekk medlemsnummer 1, fekk med seg mange folk, og skapte et enormt morsomt og aktivt miljø. I dag runda klubben 30 år, og er tildels trua av boligutviklinga. Men mange av medlemmene er dei samme, og sporten skape minst like stor glede som på 90-tallet. 

Eg fekk sjølvsagt prøve meg heime på bakkane, og bestefar spanderte golfkurs på meg, som den gong innebar teori og praktisk prøve. Eg gjorde meg fortjent til det som då heitte Grønt Kort i golf. I dag er det mykje lettare å ta kurs. Ein stille berre opp 2 ettermiddager, og treng ikkje avlegge prøve. Ein må berre gjennomføre kurset, som heiter VTG (Veien til golf). 

Eg vart vidare med på juniortreninger sammen med ein barndomskompis, som eg klarte å lokke med, og me holdt på med dette par år sammen. Etter kvart datt han av lasset og ville heller mekke på moped. Eg fortsatte, og den lærdommen eg sitte igjen med, er faktisk at eg beherska engelsk-tale i ganske tidlig alder. For på den tida var instruktørane rundtom på golfbanane i Norge frå England, stortsett. 

Etter mykje av og på med golfinga opp gjennom årene, så driv eg litt med det enno. Og syns det er kjempekjekt og ikkje minst sosialt. Det er fleire frå nærmiljøet som har blitt hekta, så dette har blitt ein viktig sosial greie for meg i denne løgne tida me no er inni. Og kjekt er det å kunne bruke golfsimulator no når høstmørket og vinteren melder seg for fullt.

Jakt og friluftsliv

Sist, men ikkje minst, har eg blitt jeger og friluftsmann. Min morfar er frå Grøndalen nord i Trøndelag. Oppvokst på gård, og trange kår. Som guttunge vart han og eine broren sendt opp i høge tre for å finne ørne-egg, for å så knuse dei. Men dei lòt alltid ett egg ligge igjen. Dei gjorde dette for å minske bestanden, sånn at skogsfugl og ryper kunne få bedre vilkår. Før i tida reiste nemlig bøndene på jakt i fjellet utpå høsten. Dei tok med seg dei eldste barna, og budde i fjellet i mange dager, og jakta på fugl. Dette var viktig for å spe på både matlageret, og økonomien. Og det var neimen ikkje få fugl dei kom heimatt med. Morfar sine jakthistorier og turer begynte ikkje å interessere meg før no i seinare tid. Det er eg veldig lei meg for. Det å kunne få bli med han på jakt, skulle eg så svært gjerne hatt lyst til å vera med på. No er han over 90 år, men kan heldigvis fortelle meg mykje om desse ville jakt-historiene

Eg lot meg fascinera og inspirera nok til å ta jegerprøven, men så seint som i 2018. Etter å ha sett omtrent ALT av det Lars Monsen har publisert på TV-skjermen, og hørt historiane til morfar, så kan eg kalla meg ein villmann og jeger. 

Eg fekk oppleve det "umulige" no i høst. Ein liten drøm som virka så utrulig fjern, men likevel gjennomførbar. Hvis berre forholda var lagt til rette, så kunne det faktisk gå. Eg følte meg jo mykje bedre og optimistisk etter litt gode nyheter i juli. Så eg dagdrømte om jakt, om golf, musikk....men aller mest om å få oppleva naturen og jakte fugl igjen. Eg, onkel, og fetter har ein nydelig tradisjon der me reiser på jakt sammen kvar høst. Enten ei veke til Trøndelag, eller ei langhelg litt nærmare Bjørnafjorden. Dette er ein tradisjon som morfar starta ei god stund tilbake sammen med sin svoger i Strøno, der dei reiste til Trøndelag eller Hardangervidda på fuglejakt. Eg ser på dette som ei viktig arv som handle om verdier. Denne kunnskapen om dyrelivet, og det å lære å bruke naturen for å overleve, er viktig å ta med seg for å sette meir pris på det enkle i livet. Og styre fokuset litt vekk frå livets jag og materialisme som gjerne prege oss guttemenn. 

Det vart ei spesiell helg for spesielt meg og min fetter. Oktober 2024 hadde me bestemt at me skulle prøve oss på jakt på Hardangervidda. Så eg, min fetter, og min onkel, med sin jakthund, reiste til hytta vår på Liseth, og fekk jaktkort på Hardangervidda. Heilt utrulig! Min fetter, som er ett år eldre enn meg, opplevde noko alvorlig for 3 år sidan. Hjerneblødning kom heilt ut av det blå på fotballbanen, og situasjonen var kritisk! Heldigvis, med hjelp av god timing, gode hjelpere, og dyktig helsepersonell, så kjempa han seg gjennom operasjoner og rehabilitering. Å gå sammen med han på Hardangervidda no i år, kan me berre kalla et mirakel for oss begge. Kem skulle trudd at dette egentlig kunne vera mulig?