Er eg «frisk» ?

02.10.2024
Har cellegifta gjort meg frisk? Hvis eg har fått Jesus i mitt nærvær, og velge å tru på det spirituelle, og naturens kraft, er eg då litt gal? Og ka er egentlig å vera normal? I dette innlegget kjem det fram mange tanker som kanskje lesaren lure litt på òg. I skrivande stund har eg gjennomført kur nr 10 av 12, og kreftlegen kan meddele at det er lite kreft igjen å sjå. Så kjem det an på om bildene ser lik ut i slutten på oktober, eller ved nyttår💙🙏🏼

Symptomer - diagnose - død ! Det er sånn dei fleste tenker. Eg tenke hvertfall sånn. Og det er jo heilt naturlig! Sjukdom er naturlig. Død er hvertfall naturlig. Og eksistens er naturlig. Men eksistens er også ei gave. Eksistens inneholde dessverre det vonde som følge med, men òg det gode! Korleis me velge å sjå på dette, er nok veldig individuelt. Men med livet, så følge det også med nettopp valg. Korleis me velger å sjå på ting, og ka valg me tar for vegen vidare. 

Det som har slått meg etter eg fekk diagnosen, var at eg måtte slå meg til ro med èin spesiell tanke før eg kunne brette opp armane og jobbe meg fram. Eg måtte slå meg til ro med tanken på døden. Ka det ville bety, og få inn i systemet at døden faktisk er naturlig. No er eg så heldig at min sjukdom ikkje er dødelig , hvertfall i skrivande stund, men eg kjenne likevel at eg må få bukt på denne fremmede tanken uansett. Så eg valgte å lese litt bøker om andre som havna i min situasjon, men også mennesker som havna utfor ein meir kritisk tilstand, som førte til koma. Eg har lest boka til Ragne S. Kaupang, som klamholdt seg til håpet. Eg har lest boka til Øyvind Torp som valgte å studere sammenhengen mellom kosthold og sjukdom. Men eg har òg hørt lydboka til Eben Alexander, som heiter "Himmelen finnes". Kort og godt handle den om Eben, som er nevrokirurg, og vart ramma av hjernehinnebetennelse, som førte til ei veke i koma. Måten han beskrive sammenhengen mellom vitenskap og fantasi er berre heilt utrulig. At når hjernen slår seg av, vil fantasien, eller tankane, føre deg mot ein realitet som ikkje kan sammenlignast med livet på Jorda. Sånne ting fascinere meg masse! 

Eg huske mange fine stunder frå ungdomsskuletida. Blant anna ei framføring i KRL (Kristendom, religion, og livssyn), der eg engasjerte heile klasserommet i min påstand om at livet ikkje var ferdig hvis ein døde brått som ung. Men i staden vart automatisk transportert vidare til ei parallell verd som gjorde at me levde vidare, som at det ikkje skulle ha skjedd noko. Dette skapte naturligvis mange spørsmål og et enorm engasjement i klassen. Men når eg tenke på det i ettertid, så kan det vel kanskje hende?  

Korleis kan sånt vera vitenskapelig mulig? Spørmålet mitt er heller; må alt vera vitenskapelig? For å sette ting i litt tydeligare lys: 

Eg vaks opp under ei enorm utvikling av teknologi; mobil-telefon til smart-telefon. Stasjonær datamaskin til bærbar datamaskin, og vidare til nettbrett. Internett, ISDN til bredbånd. VR-briller, el-biler osv osv. Det som forundre meg, er at teknologien vil ingen ende ta! Den er stadig i utvikling, og me lar oss fascinere kvar gong det er ein verdensnyhet. Det me fantasere om i filmer, med telepati, teleportering, hologram osv, er noko som ikkje skulle forbause meg om skulle skje i nær framtid. Dette får meg til å tru at berre Herren sjøl veit ka ende dette vil ta. Og basert på at Jorda er 4,6 milliarder år gammal, så skulle det ikkje forundre meg ett sekund at ein form for super-intelligent teknologi allerede har eksistert tidligare, men menneska på Jorda tok det rett og slett for langt, og Herren måtte gripa inn og sei : -Folkens! No misbrukte Dykk sjansen. Eg må restarta Jorda. 

Så korfor ikkje? Hvis teknologien i viss grad er tilstede, så kan den ta oss til ein anna dimensjon, et parallellt univers. Gjere ting langt utenfor vitenskapen som berre Herren sjøl veit. 

Så døden er ikkje slutten, men fortsettelsen. Eben Alexander beskreiv i boka si at då han låg i koma, så virka det som at den tilstanden fekk han til å ikkje savne livet på Jorda, at han var omfavna av så mykje kjærlighet, og fekk sjå mennesker som allerede var døde. Men tilstanden han var i, lot han ikkje få snakke med nokon. Han berre svevde rundt og tok innover seg alle følelser. Kjærlighet og glede. Når han tenkte seg om, var det ikkje noko sorg, sinne, sjalusi, eller mørke. Dette måtte vera himmelen, sånn som bibelen hadde beskreve det. Og Eben hadde kun vakse opp med kristen tru, men som vitenskapsmann og lege, så var bibelen heilt urealistisk i hans verden. Så no fekk han litt å tenke på. 

Det som trakk Eben tilbake til livet etter å ha lagt ei veke i koma, var familien og venner som samla seg rundt han der han låg i sjukesenga. Og grunnen til at han kun svevde i "himmelriket", var at han var ikkje meint til å landa der heilt enno. Han skulle sveve tilbake til livet. For mange håpa og ba om at han skulle bli frisk. Og til leganes store forundring, i mot all logikk og parameter, så kom han tilbake, og gradvis vart heilt seg sjøl igjen. 

Når eg høre sånne historier, så blir eg rolig, og føle meg trygg, som er ganske essensielt for å ha psyken til å bli frisk. Ein må tørre å la sånne tanker og idèer få ta deg med inn i det spirituelle. For hvis ein på et tidspunkt føle seg tapt, eller makteslaus, så er håpet om det umulige einaste utveg. Musikk-artisten Seal har ein passande songstrofe her; "You never gonna survive unless you get a little crazy".