Elsk Din Far

26.08.2024

Dette innlegget handler om å søke trøst hos Faderen, og det å komme nærmare familien i ein særdeles tøff situasjon. Finne trøst og ikkje minst ro er det viktigaste verktøyet me har når sjukdommen inntar oss. Min onkel i Texas skreiv til meg etter operasjonen at nå var det viktig at eg fant min "fighter spirit". Dei ordene har eg også tatt med meg på reisa. 


Etter operasjonen 17. april var eg ikkje særleg høg i hatten. Eg låg mykje i ro, og hadde det tøft inni meg. Mamma kom og sa til meg etter ei stund at ho og Pernille (kona) kunne bæra bort ein lenestol som dei hadde ståande. Sånn som man berre lene seg tilbake i, og vippe opp støtte til beina. Me plasserte den strategisk, sånn at eg kunne sjå tv, og ut vinduet.....sjå hagen og fjorden. Lenestolen har sin historie, og eg skulle no vera med å forlenge akkurat den. Min far hadde kreft for ca 12 år sidan, og han satt mykje i denne stolen gjennom behandlingane. Og no er det meg som sitt i den. Eg har lovt Pernille at denne stolen skal brennast ein dag, og det held eg med ho i. Men for no skal eg sitte i stolen. Attmed stolen har eg et lite bord, der det ligg små gjenstander frå ungane med mykje tru, håp og kjærlighet. Eg har òg akkurat plass til et glass med drikke, og gjerne ei skål med noko godt i. Sjølvsagt er det EG som herska over fjernkontrollen i dette rommet, med nokre demonstrasjoner frå han aller minste. 

Stolen blir værande, og eg er flinkare med å forlate den og spasere. Og eg bygge meg sterkare fram til første møte med kreftlegen 16.mai. Det som skjedde etter det møtet, var naturligvis at eg vart liggane livredd i lenestolen. Uten viten eller håp. Alt var mørkt, og alt eg kunne tenke på var at det føltes som eg hadde fått ein utløpsdato, men visste ikkje heilt kortid.  Mørket vart mørkare, djupet vart djupare. Ingen lys  å sjå. Eg klamholdt på ei pute og fekk panikkanfall par gonger for dagen. Heilt til plutselig ! Når det ikkje kunne bli mørkare, så gav tankegangen min ein liten vri, og eg sa til meg sjøl "høyr på dei rundt deg". Tanto mi, eller gamlatanto som me så kjært kalla ho her i heimen, ho spurte meg om ho kunne kontakte ein pensjonert prest i frå nabobygda som ho hadde høyrt om. Eg takka veldig ja til det! Pernille jobba kvar dag med å få i meg næring, og mamma kom alltid med trøstande ord, som berre ei mor kan gje. Og no skulle eg endelig få anerkjennelse og bønn frå ein prest. (Anerkjennelse som at me menn blir fort små grinegutter når stoltheten eller helsa svekker oss. Og det er er lov). Vedkommande hadde også erfaring frå psykiatrien, som gjorde samtalen både spirituell og logisk. Men her kom et stort vendepunkt for meg! Eg og familien min vart velsigna, og Himmelske Far har fyllt heimen vår med tru, håp og kjærlighet. Etter møtet med presten fant eg ut at eg skulle be både morgon og kveld! Be om velsignelse, og helbredelse. Velsignelse til medisin, leger, helsepersonell. Velsignelse til Pernille og barna mine. Velsignelse til familien min, venner, og alle som heia på meg og oss! Eg vart plutselig fyllt med takknemlighet, og fekk ein bedre ro i kroppen. Men tankekjøret var der sjølv om. Det var først etter omtrent andre kur med cellegift at roen senka seg enno meir. Kreftlegen sa nemlig at utslettet på kroppen min betydde i stor grad at medisinen virka, og at ho hadde tru på krymping på dei første bildene. Og hvis dette skulle bli utviklingen, så kunne ho begynne å argumentere for kirurgi. Dette var ein heilt anna type musikk for mine øyre enn det ho sa på første møtet! Dette møtet trengte me, etter alle dei tunge vekene me hadde vært gjennom. Og etter kvart som eg hadde bedre og bedre ro i kropp og sjel, så følte eg at Herren gav meg kraft og rettleiing, der eg blant anna bebynte å fokusera voldsomt på kosthold! Eg kutta ut/ned sukker, alkohol, prosessert mat, og passa på å få i meg mest mulig naturlig kost, som òg innebære massse grønnsaker! Dette fokuset har redda dagane mine, og no kunne me faktisk fokusere meir på dag for dag, og trengte ikkje å sjå så langt framover. Me begynte å kjenne at me kunne leve side om side med situasjonen, og kvar morgon kunne eg takka for at eg fekk denne dagen, og hadde tru på at eg var her neste dag. For meg var dette ein gave. 

Dagene frå 16. mai og fram til no har i stor grad handla om å vise takknemlighet. Eg har blitt mykje meir bevisst på å vise min takknemlighet til Pernille, barna, og ikkje minst mine foreldre. Situasjonen har på fleire måter fått meg nærmare min pappa, som òg er min arbeidsgjevar. Og det å jobbe under sin far, eller et familiemedlem for den slags skyld, er ikkje alltid like enkelt. Men den forståelsen og respekten me har fått for kvarandre no, er ubeskrivelig. Eg veit ka far har gått gjennom, og han veit ka eg går gjennom. Dette har vekka ei familie-ånd som eg håpe andre fedre og sønner vil få oppleva òg. Det står i dei ti bud at "man skal ære sin mor og sin far", noko som kan vera lett å gløyma i livets jag. Men ein dag vil man få igjen for dette: støtte og kjærlighet i dei tøffaste stundene. 

Eg la ut et bilde på Facebook, der eg skreiv at et bilde kan fortelle meir enn 1000 ord. På bildet var det ein stol, ei pute, ei bok, og treningsmanualer (à 4 kg for dei som lure). Manualane symbolisere opptrenings-fasen etter operasjonen, og det å kunne reise seg opp frå mørket. Stolen og puta har eg nett fortalt litt om. Men boka vil eg gjerne skrive litt om. Den er skreve av Ragne S. Kaupang og heiter "Seier". Ho opplevde marerittet, og fekk dødsdiagnose av legen. Boka beskrive hennas brutale reise gjennom mørke tanker, kommunikasjon med leger, finne seg sjøl, og ikkje minst samspel mellom familie, Gud og tålmodighet. Det var godt å lese denne boka. Der får man virkelig svar på det som alle lurer på ved kreft : "er det håp?". JA !! Av alle historier eg har lest, deriblant denne boka, så er det ein klar sammenheng mellom tru, mat, medisin, og Gud! Og det Ragne S. Kaupang har har lært meg, er å vise mòt og dele sin historie, og spre håp til dei som treng det. Eg vart så glad av å lese boka, og kjente meg raskt igjen i mykje av det ho skreiv. Eg var allerede godt i gang med å ete sunt; kutte ned sukker, kutte ut alkohol, redusere kraftig prosessert mat etc.(skal lage et innlegg om kreft og kosthold). Og dessverre vart eg litt skremt av det ho skreiv om kor mykje helsevesenet svartmalte hennes situasjon (og dei tok feil), for det opplevde eg også. Ragne er i dag frisk (velsigne ho), og eg jobber fortsatt med saken. Men takke vera et enormt fellesskap blant oss involverte, og alle som heier på oss, så er det ALLTID håp ! Man må tru på det man holde på med, ta dag for dag, og holde det gåande!