Bursdagsgaven frå helvete

28.08.2024

Symptomene var der, men ikkje alderen. Så etter å ha opplevd kraftige smerter under do-besøk, gjekk hjernen gjennom dei ulike diagnosene som kunne passe. Forstoppelse, irritabel tarm, utposing, feil kosthold....men, det var dessverre et faktum. På bursdagen min, midt i påskeveka, var eg til koloskopi. Eg burde forresten ha fått litt avslag hos Volvat, då eg ikkje fekk fullt utbytte av skopet, men dei fann då raskt ut at det var det stygge ordet; kreft! i tjukktarmen. 

Kona var med meg, og beskjeden var brutal! - Skal eg dø no då? Korleis fortel eg dette vidare til mine foreldre, søsken, til MINE BARN ?? !!  Legen var rolig, og hadde et glimt i auga medan han fortalte oss at han skulle skriva oss inn i et pakkeforløp på Haukeland Universitetssjukehus, og påpeikte til oss ganske tydeleg at medisinen i dag er mykje bedre enn den som var i går! Og det er viktige ord eg har tatt med meg gjennom denne reisa! 

Det som var heilt grusomt no, var at eg/me var etterlatt til oss sjølv, for Norge var stengt pga påsken. Kven kunne eg snakke med no? Me var kome opp i ei svær livskrise! Eg måtte legge meg med angst kvar kveld i ei veke til Norge åpna opp att. Og takke vera ein god fastlege, så fekk eg bli lagt inn på HUS under utgreiing i par døgn. Blodprøver, CT, MR og samtaler. Dette hjalp litt på angsten. Berre litt synd eg måtte vente ei veke på dette. 

Vidare venta eg på ein operasjonsdato, for det var jo heilt klart at det var noko inni meg som måtte vekk. Tankane er så kraftig prega av katastrofe, og det blir et voldsomt trykk på alt det negative. I ein sånn situasjon tenker ein i alle retninger, kanskje litt fordi ein klara ikkje heilt å ta innover seg det som skjer.